• Tekststørrelse: a a a
  • Skriv ut

Grind Kvinnherad – Din mobile Grindagut

Ein grindagut var frå gamalt han som opnar grinda eller porten for reisande.  Applikasjonen Din mobile grindagut – Kvinnherad er ein pilotversjon som opnar opp for kunnskapen i landskapet på strekninga mellom Rosendal – Ænes – Sundal.

Appen er kopla til GPS baserte kart. Gjennom lyd, film, bilete og tekst får du forteljingar om kultur- og naturhistoria på den staden du er. Innhaldet er retta mot reisande og tilreisande – tilpassa den einskilde.
Din mobile grindagut gjev deg kunnskapen og syner vegen vidare inn mot fleire kunnskapskjelder. Naturhistorisk og Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, Folgefonnboka og kunnskapsportalen www.grind.no.

Applikasjonen er utvikla av Universitetsmuseet/Universitetet i Bergen og Mediesenteret/ Høgskolen i Bergen, i samarbeid med Folgefonna nasjonalparksenter og Kvinnherad turistkontor.

Les mer om applikasjonen på app.grind.no